top of page

Til utstillarar

Skjermbilde 2023-02-13 kl. 21.04.26.png

Vi ynskjer å invitere ulike typar utstillarar til å syne seg fram. Traktorrock har traktoren og landbruket i fokus og har tidlegare hatt utstillarar med traktorar og andre landbruksmaskiner, landbruksrekvisita, dekk, fjøsinnreiing, klede og alt som kan komme ein gardbrukar til nytte. I tillegg til mat og andre salsvarer. Vi ynskjer primært ein tilbyder av ulike produkt. Med andre ord er det fyrste mann til mølla som får plass. 

​

Prisliste for stand blir i år slik:

 

​

​

​

​

​

​

Vilkår

  • Opningstider for stand er laurdag 10.00 – 18.00 og søndag 11.00 – 15.00, men utstillarar kan ha ope utanom desse inkludert fredag om ynskjeleg.

  • Dei som har stand må vera til stades heile opningstida laurdag og søndag.

  • Utstillarar kan byrje å montere stand frå og med fredag. Nærmare tidspunkt for opp- og nedrigging får dykk seinare.

  • Utstillar har fullt ansvar for at alt på tildelt plass er rydda, samt søppel. Traktorrock held døgnvakter i sentrum, men kan ikkje stillast til ansvar for tjuveri og/eller skade på stand, salsvarer, køyretøy og liknande.

  • Force Majeure gjer at Traktorrock kan avlyse arrangementet for forhold som ligg utanfor arrangør sin kontroll utan forplikting. Slike forhold kan vera brann, flom eller pandemi.

  • Traktorrock atterheld seg retten til å avvise utstillarar som søkjer om påmelding som vi meinar ikkje er i vår sjanger.

 

Har du spørsmål, kan du kontakte Brage på mail brage@traktorrock.no.

 

Bli med på det røffaste arrangementet Ottadalen og Gudbrandsdalen har å by på!

Påmelding utstillar
Straum

Takk for at du vil vera ein del av Traktorrock 2023!

bottom of page