Historie
Vår


Traktorrock er eit arrangement som tek stad i Vågåmo sentrum i slutten av august. Arrangementet set, som namnet seier, traktoren i fokus. Vi vil vise fram køyretøyane som er ein stor del av kvardagen til dei fleste innbyggarane i bygda vår.
Vågåmo sentrum blir denne helga fylt med lokale traktorar, traktorleverandørar og relevante landbruksrekvisita. I tillegg viser næringslivet og lag og foreiningar seg fram med standar, og eit farmen-inspirert marknad freistar med tradisjonsmat- og handverk. Heile helga gjennom er det ulike postar på programmet, samt ein skikkeleg fest både fredag og laurdag.
Traktorrock blir avslutta med ei storslagen traktorparade søndag klokka 15.00.
Traktorrock er eit lågterskeltilbod, og det er gratis inngang.

Emil Skottlien
Leiar av komiteen

Brage Weldingh
Fest og utstillarar

Vidar Sanden
Trafikk, arena, utstillarar

Terje Synslien
Straum og arena

Turid G. Snerle
Økonomi og friviljuge

Hans Spakrud
Arena

Kjetil Villa
Konkurranser

Ragnhild S. Stubrud
Marknadsføring og SOME

Øystein Garden
Grasdemo og traktorcamp

Martin Snerle
Fest

Rune Holen
Konkurranser