Designelement_rosa_traktorRock.png

Kåring av
Gudbrandsdalens finaste traktor

Årleg har vi kåra Gudbrandsdalens finaste traktor under Traktorrock i Vågåmo.
Før arrangementet blir det sendt inn bidrag til kåringa. Ein fagjury med ymse fagfolk innanfor traktor plukkar ut 5 finalistar. Desse 5 finalistane får hedersplass i sentrum under Traktorrock 19.-21.august 2022, og juryen skal viare kåre ein vinnar.

Vinnaren blir kåra og mottek lauvbærkrans til å ha på traktoren, samt premie. Ein del av premien er å kjøre fremt i den gjeve traktorparada som avsluttar Traktorrock søndagen. I år er det inga krav om at traktoren må vera i dagleg bruk!  

For å sende inn ditt bidrag til kåringa av Gudbrandsdalens finaste traktor, må du sende ein mail til post@traktorrock.no. I mailen skriv du litt kort om traktoren - merke/modell, årsmodell og timetal. 

I tillegg legg du ved nokre bilete av traktoren. 

Designelement_splatArtboard 1 copy 4_traktorrock.png