Program

TraktorRock

Dette kunne du finne på Traktorrock 2021

Traktorar i alle merke, storleikar, fargar og alder. 

Bygdefoket parkerar sine traktorar, forhandlarar kjem med nye traktorar, veterantraktorutstilling og traktorparade! 

Eiga barneparade, i regi Kvinner i Landbruket, med tråtraktorar, dokkevogn og syklar. VA-systemer riggar opp tråtraktorbane til ungane.

Fredagskveld blir det orgelrock i Vågåkyrkja ved organist og multitalent Alf Hulbækmo.
Det kan og spøke for ymse musikalske innslag i løpet av helga

Vågå/Sel Bondelag, Vågå Sau og Geit, Småbrukarlaget, Jotunfjell alpakka og Vågå/Sel Bygdeungdomslag stiller med dyreutstilling. Her kan du sjå på ymse dyr og delta på konkurransar. 

Torghandel med ymse, spennande boder. Sjå eiga informasjon og påmelding her.

Mat og drikke finn du i sentrum heile helga, både hjå etablerte kafear og restaurantar, men også frå matboder.

Under heile dagen vil publikum bli opplyst om alt som skjer av vår trufaste konferansier
Hans Andreas Solbakken. 

Nytt av året er tivoli.
Tivoliet passer for små og store og har ope heile helga!

Laurdag kjører vi fleire konkurransar. Gardenrace med ymse doningar som kappkjører, gravemaskinkonkurranse og kåring av Gudbrandsdalens Finaste Traktor. 

program1.png

2021