top of page
  • Ragnhild

STAYSMAN TIL TRAKTORROCK!

Fredag 18.august kjem Stian Thorbjørnsen, betre kjend som Staysman til Vågåmo og Traktorrock!

I det siste har han vore aktuell som programleiar for MGP på NRK, men vi kjenner han best som artist og partyfjes. Med sangar vi ofte høyrer på fest, er det ikkje for utan grunn at han kallar seg kongen av rølp! Staysman elskar bygdenorge og stemninga på bygdefestar. Han har eit album som heiter "Norge rundt med Staysman", kor lokale hittar rundt om i landet har fått ein ny Staysman-vri saman med lokale band. Han har i tillegg stor suksess med å gjeste låta "Bøgda" av Hagle.


Vi gledar oss til feststemning, pyro, rølp og SHOW fredag 18.august på Traktorrock!


353 views0 comments

Recent Posts

See All

Comments


bottom of page