Til utstillarar

Vi ynskjer å invitere ulike typar utstillarar til å syne seg fram. Traktorrock har traktoren og landbruket i fokus og har tidlegare hatt utstillarar med traktorar og andre landbruksmaskiner, landbruksrekvisita, dekk, fjøsinnreiing, klede og alt som kan komme ein gardbrukar til nytte. I tillegg til mat og andre salsvarer.
Prisliste for stand blir i år slik:
Vilkår
-
Opningstider for stand er laurdag 10.00 – 18.00 og søndag 11.00 – 15.00, men utstillarar kan ha ope utanom desse inkludert fredag om ynskjeleg.
-
Dei som har stand må vera til stades heile opningstida laurdag og søndag.
-
Utstillarar kan byrje å montere stand frå og med fredag 19.august kl. 18.00 og fram til laurdag 20.august kl. 09.30. Dei som ikkje blir plassert i vegbane, kan montere når som helst fredag. Nedrigging søndag 21.august frå kl. 15.00. Utstillar har fullt ansvar for at alt på tildelt plass er rydda, samt søppel. Traktorrock held døgnvakter i sentrum, men kan ikkje stillast til ansvar for tjuveri og/eller skade på stand, salsvarer, køyretøy og liknande.
-
Force Majeure gjer at Traktorrock kan avlyse arrangementet for forhold som ligg utanfor arrangør sin kontroll utan forplikting. Slike forhold kan vera brann, flom eller pandemi.
-
Traktorrock atterheld seg retten til å avvise utstillarar som søkjer om påmelding som vi meinar ikkje er i vår sjanger.
Fredag blir det eiga VIP-område for utstillarar på kveldsarrangementet. Meir informasjon og påmelding til dette kjem seinare.
Har du spørsmål, kan du kontakte Brage på mail brage@traktorrock.no.
Bli med på det røffaste arrangementet Ottadalen og Gudbrandsdalen har å by på!