Unik samling til Traktorrock!

Ottadalen Kommunale Billag, kjent som OKB på folkemunne, var i fleire tiår bilselskapet i Ottadalen. OKB hadde bussruter som kjørte mykje lokalt mellom Vågå, Lom og Skjåk, men også rute frå Skjåk til Grotli i vest og heilt til Lillehammer i sør. Sjølve billaget er historie, men mange av kjøretøya har fått leve vidare takka ivrige entusiastar.


Ein av entusiastane er Helge Skjåk. Mange kjenner han frå mange år på Helges bil. Helge har samla saman gamle OKB-kjøretøy og restaurert dei. Skjåk og andre entusiastar arrangerer turar med OKB-bussane til glede for medentusiastar og bygdefolk.


OKB hadde ikkje berre bussar, men var ein stor del av transport i landbruket. Med frakt av kraftfôr, rundballar og mjølk var bøndene avhengige av OKB. Derfor synes vi at det hadde vore stas å fått OKB-kjøretøya til Traktorrock!

Vi er stolte, glade og takknemlige for at Helge Skjåk vil ta med seg heile den restaurerte samlinga på 11 kjøretøy til Traktorrock!

Du finn den unike samlinga på kyrkjeparkeringa laurdag 17.august.

Ta turen!


Foto: Jon Arild Jøingsli

0 views

2680 Vågå, vågåvegen

Laurdag 15. august, 2020

Det skjer i Vågå!


post@traktorrock.no
Tlf: 959 34 546

  • White YouTube Icon
  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon

Kontakt oss

© 2019 TraktorRock 2680 Vågå      |       IVK Design

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon