Gudbrandsdalens Finaste Traktor

Updated: May 20, 2019


Vinnaren i 2017 og i 2018


Det er gjævt å få syne fram traktoren sin, og enda gjævare er det å få han vurdert av dei som har peiling. Gudbrandsdalens finaste traktor har vore kåra dei siste åra på traktorrock. På førehand har folk frå heile dalen sendt inn sine traktorar – skrevet kort informasjon om traktorens stand og bruk, samt lagt ved bileter. Representantar frå Kvinner i Landbruket samt verksmeistrane frå dei forskjellige traktorleverandørane i dalen samlast og vurdera kandidatane. 5 finalistar blir plukke ut og får eigen utstillingsplass midt i sentrum under Traktorrock laurdag 17.august. Det er publikum som stemmer fram den endelege vinnaren. Under Traktorrock vil det vera mogleg for publikum å sjå på dei 5 finalistane, og gje si stemme til den dei meiner fortener tittelen Gudbrandsdalens finaste traktor! Før den store traktorparada blir vinnaren annonsert og skjenkt heider, ære, ein krans til å henge på traktoren – og plass fremst i parada. Gudbrandsdalens finaste traktor ledar an parada, saman med dei andre finalistane.


Det er ikkje nødvendigvis dei største og nyaste traktorane som stikk av med sigeren, her handlar det om korleis traktoren er teke hand om, og vedlikehaldt. Har du ein traktor som kunne passe tittelen Gudbrandsdalens finaste traktor? Eller kjenner du nokon som har?


Knips nokre bilde, noter ned litt informasjon og send inn!

Meld deg på via e-post til elin.marie@traktorrock.no


0 views

2680 Vågå, vågåvegen

Laurdag 15. august, 2020

Det skjer i Vågå!


post@traktorrock.no
Tlf: 959 34 546

  • White YouTube Icon
  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon

Kontakt oss

© 2019 TraktorRock 2680 Vågå      |       IVK Design

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon