Ete: Bokhandel'n Kafe & Bar




Midt i sentrum ligg ein eldre tømmerbygning som husar ein trivelig kafé. Dei kan skilte med at all bakst er heimelaga, og det er ikkje vanskeleg å finne noko til kaffikoppen her. Er du meir enn berre kaffityrst, kan du velje mellom fleire fristande lunsj- eller middagsrettar. Maten kan nytast inne i trivelige lokalar, eller ute i solveggen. Her har du god utsikt til arrangementet heile dagen, og ikkje minst vil det rulle forbi traktorar i to kjørefelt under traktorparada! Vil du ta ein betre titt på menyen kan du besøke heimesida, eller facebooksida her.









15 views0 comments

Recent Posts

See All