Ekstra nyhetssending!


Denne lystige karen har tatt steget frå heimbygda Lom og ut i verda. Hans Andreas Solbakken var konferansier under Traktorrock 2015, då som student ved Høgskulen i Volda. I dag er Solbakken å sjå på fjernsyn rett som det er. Med jobb i NRK er han ein fin ambassadør for Gudbrandsdalen og Ottadalen med si fine dialekt og blide vesen. I år fekk han til og med æra av å rapportere frå heimbygda si på 17.mai-sendinga til nrk, og dei siste dagane har han fylgt landsskyttarstevnet.


I år gjer han comeback på Traktorrock, og skal atter ein gong lose oss gjennom programmet og kommentere ymse slag. Vi er mesta starstrucked over å ha ein så kompetent fjes til å hjelpe oss denne dagen!


602 views0 comments

Recent Posts

See All