Den Store Traktorparada!

Etter ein dag med traktorutstilling, barneativitetar, bygdestafett, livemusikk, folkeliv og god stemning rundar vi av det heile med ei storslagen parade gjennom sentrum med traktorar i alle farger, små, store, breie, smale, nye og gamle. Parada har startskot i industriområdet i Vågå, går sørover til rundkjøringa og tilbake mot sentrum. Gjennom Vågåmo sentrum forbi eit ivrig publikum, til rundkjøringa ved YX, tilbake gjennom sentrum og endar i industriområdet att.

Traktorar er store, tunge kjøretøy og vi ynskjer å ha god sikkerheit rundt parada. Vi har eigne vakter som står langs kanten å passar på både folk og sidevegar. Vi håper publikum også er behjelpelege med å passe på at ingen kjem for nære vegen, spesielt ungar. Det blir meir behageleg for både dei som kjører parada og dei som ser på.

Etter at parada er ferdig skal dei fleste heim frå sentrum. For å gjere dette smidigast mogleg ynskjer vi at alle som er med å kjører parada respekterer at parada er over etter at alle traktorane har kjørt ei runde. Ta ein matbit, finn ein plass å fotografere traktoren din og andre, eller lignande!


Vi gledar oss til parada, og veit at for mange er dette dagens høgdepunkt!


314 views

2680 Vågå, vågåvegen

Laurdag 15. august, 2020

Det skjer i Vågå!


post@traktorrock.no
Tlf: 959 34 546

  • White YouTube Icon
  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon

Kontakt oss

© 2019 TraktorRock 2680 Vågå      |       IVK Design

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon