5 Åver



Under Traktorrock blir det utekonsert frå scena på dagtid med det lokale bluegrassbandet 5 Åver. 5 Åver kallar seg sjølv «ein gjeng gutungar», og har dei siste åra spelt seg inn i hjartet til mange av sine tilhøyrarar. Med fleire type gitarar, munnspel, kontrabass og eit godt humør spelar dei både kjende låtar og dikt dei har sett melodi til sjølv. Du kan forvente alt frå amerikansk country, til norske bluegrasslåtar, norske barnefavorittar og lokale innslag.

Dette er ein gjeng med gutar i kategorien svigermors drøm, jordnære og likendes! Vi er glade for at dei i år att vil kome å spele for oss under Traktorrock.

Har du ikkje høyrt dei før? Eller skal du som blodfan høyre dei atter ein gong? Finn vegen til scena midt på marknaden klokka 12.00 laurdag 17.august i Vågåmo!




0 views

2680 Vågå, vågåvegen

Laurdag 15. august, 2020

Det skjer i Vågå!


post@traktorrock.no
Tlf: 959 34 546

  • White YouTube Icon
  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon

Kontakt oss

© 2019 TraktorRock 2680 Vågå      |       IVK Design

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon